The Texas Chain Saw Massacre

Film · 1974 · · 8. april 2007
3/5

Er det ein film eg har venta lenge på å få sett så er det The Texas Chain Saw Massacre frå 1974. Nyinnspelinga som kom i 2003 fall passe godt i smak her, så korleis kunne den enda høgare anerkjente originalen gjere det dårlegare?

Fem ungdommar er på ferie i Texas, nærare bestemt på landsbygda. Familien til den eine av dei har eit ubrukt hus ståande, og dei reiser dit med tanke på å leve livet gjennom sommaren. I nabohuset lurer derimot ein mann i lærmaske.

Det går ikkje fort før eit par av ungdommane forvillar seg bort til nabohuset, og slaktinga er dermed i gang. Grufulle bilde dukka opp på skjermen, og både folk og miljø gjer dette til ei ekkel oppleving vidare.

The Texas Chain Saw Massacre skal jo vere ein ekkel film, så grufulle bilde bør gi plusspoeng. Men eg ser ikkje vits i å gjere filmen plagsam. Det blir han når 25 av dei siste 30 minuttane består av den mest irriterande skrikestemma eg har høyrt på lenge. Ho er det Marilyn Burns som står for.

Alt dette med skrikinga trekk ikkje filmen ned åleine. Eg var kanskje ikkje godt nok førebudd på at dette skulle vere grufullt framfor skummelt, og blei monaleg skuffa og forstyrra. Men inntrykk, det gjorde han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Texas Chain Saw Massacre 1974 plakat - Filmdagbok