The Thin Man

Film · 1934 · · 6. november 2014
3/5

The Thin Man er den første av seks krimkomediar med William Powell og Myrna Loy. Dei spelar Nick og Nora Charles, ein tidlegare detektiv og den rike, artige kona hans, som etterforskar mordmysterier mest for gøy.

Etter fire år borte frå New York, er Nick tilbake til byen. Med kona Nora og hunden Asta. I filmen møter han mange eksentriske karakterar, blant anna ei viss Dorothy Wynant. Hennar far er mistenkt for mord, og Nick blir motvillig leigd til å etterforske.

Men Nora tykkjer dette er gøy, og lokkar mannen til å gå vidare med etterforskinga når han ikkje vil, og blir med sjølv. Hunden deira Asta er midt oppi alt dette ein artig karakter som fortener å bli nemnt.

Som krim eller komedie er ikkje dette storslege, men kurant underhaldning over middels. Med artige stunder, men utan å vere det store bidraget.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Thin Man 1934 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land