The Thing from Another World

Film · 1951 · · 24. mars 2007
3/5

Hadde eg visst om denne filmen før eg skreiv om The Thing av John Carpenter førre helg, så hadde eg satsa på ei samanlikning. Sidan det ikkje blei slik, er dette hovudsakleg eit sjølvstendig skriv om filmen.

Ei gruppe soldatar med kaptein Hendry (Kenneth Tobey) i spissen reiser til Nordpolen for å etterforske eit mogleg flykrasj. Flyet viser seg å vere ein flygande tallerken, og eit nedfrose romvesen blir funne like ved.

The Thing from Another World er mykje snakking og lite action. Det er intellekt mot musklar, sjølv om mennene med doktortitlar her ser ut til å vere blåst for menneskeleg intelligens. Romvesenet kjem til live som forventa, og skal visstnok vere veldig farleg og smart, men oppfører seg som ein tilbakeståande zombie.

Det er dei små tinga som gjer dette til ein grei film, mykje takka vera perioden filmen blei laga i. Skepsisen til russarane er forventa, og kvinnesynet er diskutabelt. Dei dårlege vitsane har blitt morosame igjen, og filmen er gjennomsyra med amerikanske moral, samt støtte overfor militære.

At filmen brukar lang tid på å bygge seg opp til noko som i mine auger ikkje er særleg dramatisk, er den fremste svakheita. Mykje av dialogen består av teknisk prat som går meg hus forbi. Når dialogen skal vere det viktige i filmen blir det difor lite igjen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Thing from Another World 1951 plakat - Filmdagbok