The Third Man

Film · 1949 · · 15. mai 2007
4/5

I tronge gater, mellom utsmykka murbygningar og haugar av ruinar i Østerrike i etterkrigstida, vandrar westernforfattar Holly Martins (Joseph Cotten). Venn hans, Harry Lime, er årsaka til at Holly er i denne delen av verda, for han fekk tilbod om arbeid. Men ved framkomst til Wien viser det seg at Harry er død.

Holly merkar ugler i mosen og vil gjerne ha eit klart svar om årsaka til Harry sin død. Under forhøyr med ulike vitne byrjar det å danne seg eit anna bilde av situasjonen enn offentlegheita har servert.

The Third Man er kjent for utprega arbeid med kamera. Store deler av filmen er tatt opp med kamera på skrå, både vanlege dialogscener og spenningsfylte utendørsscener. Saman med eit sitarprega lydspor blir det rike Wien-miljøet ekstra overveldande.

Elles må eg nesten nemna bruken av lys og skuggar, som på svart-kvitt blir ekstra markert og ekstra stemningsskapande. Det tekniske er ingenting å utsette på. Ikkje spenningen heller når det er så godt gjennomført. Jakta i kloakken utover i filmen er ein av dei betre sjølvstendige sekvensane eg har sett på ei stund.

Ein annan ting eg la merke til er bruken av tysk språk. Holly Martins er sjølv engelsktalande og forstår ikkje tysk, så dette var ein effektiv måte å framandgjere Wien for han til publikum. For oss som forstår litt tysk, så gir det meining, men er ikkje nødvendig å forstå.

Mange småting er med på gjere The Third Man til ein god film. Det kjem tidleg fram kva filmen vil, og sjølv om den haltar litt ei stund kjem den seg godt på beina etter kvart.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Third Man 1949 plakat - Filmdagbok