The Time Machine

Film · 1960 · · 20. mars 2008
3/5

Basert på ei bok av H.G. Wells, vidt kjent for spesielt The War of the Worlds, sette George Pal The Time Machine på film i 1960.

H. George (Rod Taylor), britisk herremann og oppfinnar, har invitert sine akademiske venner over for å vitne hans nye oppfinning, ei tidsmaskin. Miniatyren han viser fram blir sendt uvisst langt inn i framtida og ingen av vennene trur på han då forsvinninga vanskeleg kan vere eit bevis. Sett seg til å overtyda dei hoppar han i fullskalamodellen som står på arbeidsrommet og reiser sjølv fram i tid.

På vegen gjer han eit par stopp før han susar fram til år 802 701, der han stoppar 12. oktober. Kan framtida bringe eit mindre krigslyst og heller lysare samfunn enn det som prega hans 1899?

The Time Machine er meir morosam enn dramatisk, men framstår som godt produsert framfor den ufrivillige humoren fleire B-filmar ofte bidrar med i form av elendige kostymer. Musikken er i overkant kraftig. Viss det skjer noko som skal vere dramatisk er det ingenting i vegen for at kamera brått går nær på ein karakter og musikken blir forsterka gode ti gonger.

H. George og vennene er stive og veldig britiske i framtoninga si. Når H. George når år 802 701 og møter folk der, blir han meir overraska over haldningane deira til bøker enn at dei faktisk snakkar engelsk. Reaksjonen hans er ein fryd å følge med på.

Sjølv om The Time Machine har store forskjellar frå nytolkinga som kom i 2002 er det skurkar her òg, eg nemner lysande auger, sølvgrått hår og blå kroppar. The Morlocks heter dei, og er den store trusselen for Eloi-folket. Kan H. George som det siviliserte menneske han er vere redninga for Eloi-folket?

For ikkje å røpe meir av handlinga, som burde vere kjent for dei fleste som har sete seg for å sjå The Time Machine, avsluttar eg her om det som var ein til tider festleg film, herleg kombinasjon av fargesterk metrocolor, plastikkfruktkulisser og minatyrmodellar. Her og der er det ting eg saknar og som som trekk ned, men eg vil ikkje sei for mykje om dette då eg heller vil gi folk sjansen til å sjå og vurdere filmen sjølv.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Time Machine 1960 plakat - Filmdagbok