The Toxic Avenger

Film · 1984 · · 17. september 2014
3/5

The Toxic Avenger er ein komisk B-film med akkurat passe stor dose gørr og groteske scener.

I oppdikta Tromaville blir radioaktivt avfall tømt. Det er eit uhell med avfallet som får patetiske Melvin til å bli The Toxic Avenger – ein mutasjon som straffar kriminelle. Og Tromaville er full av kriminelle.

Melvin vaskar opphavleg golvet på eit helsesenter. Der han blir mobba av den verst tenkelege sorten menneske. Eit par med yngre menn og kvinner som tenner på å køyre over folk plagar Melvin i forkant av hans radioaktive ulykke. Og desse er berre toppen av isfjellet av personar som han oppsøker som The Toxic Avenger.

Det ser ikkje pent ut når dei kriminelle blir straffa. Filmen er grotesk til dei grader at eg vrir meg i stolen. På toppen av det heile er ikkje The Toxic Avenger, den muterte skapningen i ballettkostyme, særleg hyggeleg å sjå på. Sånn sett passar det at han blir i lag med den penaste dama i filmen, som er blind.

The Toxic Avenger er ei blanding av eit hemntokt, ufrivillige episodar som følge av mutasjonen og ein kamp mot dei kriminelle elementa som går høgt opp i systemet. Det er nok humor og handling til å halde det gåande frå start til slutt, og ei kurant oppbygging gjer at det har mål og meining.

Eg forventa i grunn lite, og blei positivt overraska over underhaldningsverdien. Karakterane i filmen er karikaturar til det ytste, og eg tvilar på at det er snakk om ufrivillig humor. Men filmen tar behandlar likevel det tåpelege på ein måte at det blir morosamt, og ikkje dårlege forsøk på komedie. Med tanke på dei sprø stereotypane og det fargerike miljøet så er det ei lita bragd.

The Toxic Avenger er ein god dårleg film. Men ikkje den dårlegaste filmen heller, og heller ikkje den beste.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Toxic Avenger 1984 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Andree MarandaMitch CohenJennifer BabtistVis alle

Land