The Treasure of the Sierra Madre

Film · 1948 · · 17. mai 2007
4/5

Ein eventyrwestern med Humphrey Bogart, Tim Holt og senior Walter Huston, John Hustons far.

Tre fattige dagdrivarar møtes i ein by i nordre Mexico, slår seg saman og reiser ut i villmarka for å finne gull. To nybyrjarar i følge med ein eldre, erfaren gullgravar. Under ekspedisjonen møter dei vanskelege hindringar, både fysiske og mentale.

The Treasure of the Sierra Madre handlar om eit enkelt gulleventyr frå start til slutt. Gjennomført på elegant vis klarar heile filmen å halde interessa eller spenningen oppe, då hindringa er av svært ulik karakter.

Det skadar heller ikkje å ha skodespelarar i topp klasse med seg på laget, som kvar får utdelt ein psyke ein berre finn i filmar som kombinerer godt manus med ein god regissør til å hente ut skodespelarane sitt potensiale.

Eg storkoste meg gjennom filmen. Kanskje er han ikkje den mest typiske westernfilmen, eller så er det mine kunnskapar og erfaringar med sjangeren som er avgrensa, dette slo iallfall i gjennom her. Eg kan godt tenke meg å sjå fleire filmar lik denne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Treasure of the Sierra Madre 1948 plakat - Filmdagbok