The Tree That Saved Christmas

Film · 2014 · · 20. desember 2015
2/5

Lacey Chabert er stjerna i filmen The Tree That Saved Christmas, om ei dotter som kjem heim til jul for å oppdage at foreldra sin økonomiske situasjon tvingar dei til å selje juletreplantasjen.

Filmen byggjer på velbrukte element i alle ledd. Likskapar kan trekkast til fleire av dei tidlegare julefilmane eg har sett i år. Det betyr i grunn lite, om filmen har sitt romantiske senter på plass. Det har han, men kanskje på ein litt svak måte.

Dessutan tyr filmen til eit par idiotiske poeng som øydelegg heile greia for min del. Å redde plantasjen ved å gjere seg fortent til det hadde vore ein siger. Men her prøver dei seg på historisk forvaring, som potensielt vil hindre ein dårleg økonomisk ramma småstad frå nye arbeidsplassar. Er ikkje det grufullt så veit ikkje eg.

Heldigvis er dette ein liten del av filmen. Sjølv om han totalt sett legg seg på den svake sida, så byr han tidvis på fine augneblinkar. Status som anbefalt får han endå ikkje.

IMDb-logo
The Tree That Saved Christmas 2014 plakat - Filmdagbok