The Trip

Film · 1967 · · 5. desember 2006
2/5

The Trip spelar på det engelske uttrykket for utflukta ein søker gjennom å ta eit narkotisk stimulerande stoff. I denne filmen tar regissøren Paul Groves (Peter Fonda) ei slik utflukt ved å ty til LSD for å komme unna den tunge realiteten. Han har nettopp blitt fråskilt. Han vil oppleve det indre av seg sjølv og alt det vakre ved omgivnadane.

Roger Corman har laga ei svært så kunstnarisk reise gjennom fargerike fantasiverder og ville hallusinasjonar for å skildre reisa til Paul. Det startar under oppsyn heime og flyttar seg etter kvart ut på byen, som er min favorittdel av filmen. Samansetninga av funky rock og jazz med bilda som Paul opplever kan vere utruleg slitsame, eller rett og slett sjukt gode.

Men filmen er ikkje perfekt, han er til tider altfor cheesy og verken Peter Fonda eller dei andre føre kamera er særleg truverdige i oppførselen sin. Dialogane verkar oppleste, og det slit litt på ideen om at trippen skal vere ei ledig fri reise utan tøylar. Nokon av scenene strekker seg altfor langt ut i tid og blir ei tolmodprøve til og med for ein fullstendig avslappa filmsjåar med god tid.

For dei som har sett Easy Rider kan vel denne filmen best skildrast som ei forlenging av LSD-trippen derifrå, men i sin lengde blir det ikkje same opplevinga her.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Trip 1967 plakat - Filmdagbok