The Trip

Film · 2010 · · 30. januar 2013
3/5

The Trip, med Steve Coogan som Steve og Rob Brydon som Rob, er ein liksomdokumentar som ikkje framstår som ein. Sagt på den måten er det ei sjølvmotseiing. Filmen brukar folk som seg sjølv i tilsynelatande ekte omgivnader, men forma og uttrykket kjennest meir ut som ein spelefilm.

Om dette ikkje gav meining så er det ikkje farleg. Det mest sentrale poenget mitt med innlegget er at The Trip er underhaldande. Minutt for minutt er det stunder som er kjedelege og filmen er nok for lang, men dei beste samtalane og interaksjonane mellom karakterane er hysteriske. Og det er nok.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Trip 2010 plakat - Filmdagbok