The Truman Show

Dette er den tredje gongen eg såg denne gode Jim Carrey-komedien. Som er ei slags søking etter meining i eit veldig spesielt miljø. Vår mann, Truman Burbank (Jim Carrey), blir portrettert som ei enkel sjel, men innerst inne er det meir på lager, og dette klarar Jim Carrey å få fram.

Alle rundt Truman er skapte karakterar, innleidde skodespelarar viss personeleg forhold er reint profesjonelle. Truman er midt oppi dette det motsette, ein varm person med god karisma. I denne søkinga etter ei meining får me eit nyansert syn på det som skjer rundt Truman, men blir halde litt på avstand frå dei inste kjenslene hans. Til og med scenene han snakkar med seg sjølv i, eksempelvis på badet i spegelen, så snakkar han ikkje om det han føler. Her ligg litt av utfordringa til filmen.

Men på overflata er dette ein lett komedie, som ikkje lykkast godt nok i å skape ein ekstraordinær og djup nok film.

The Truman Show 1998 plakat - Filmdagbok