The Twilight Zone

Serie
1959–1964
3/5

I lengre tid har eg gradvis sett meg gjennom den originale The Twilight Zone-serien, som gjekk på CBS mellom 1959 og 1964. Over 150 episodar som alle har ei unik historie med nye skodespelarar i nye roller er fordelt over fem sesongar.

Stort sett er episodane korte greier på under 25 minuttar. Handlingane varierer mest mellom science fiction, thriller, drama og mysterium. Det er ofte knytt til eit fenomen av et slag, og ofte overnaturleg. Mange av episodane har også ei overraskande vending på slutten, eller i det minste eit forsøk på overraskande. Er du litt oppegåande og kjenner til historieforteljing i moderne film og serie så tar du poenga fort. Men det er framleis underhaldande.

Desse korte episodane som serien består av, bortsett frå den fjerde sesongen som har dobbel lengde på sine, er grunnen til at The Twilight Zone med variasjonen sin også går heim hjå meg. Det er lett å sjå ein episode i blant, og det er aldri godt å vite om neste episode er om romvesen eller døden. Mine favorittepisodar er dei med ein snev av eller som er mest science fiction.

Serien held seg godt. Det noko lågare tempoet enn seriar i dag har gir meg ei filmkjensle i dei beste episodane, men kan også vere ei tolmodprøve i dei mindre gode. Produksjonen er ikkje nødvendigvis påkosta, men eg får inntrykk av at den store mengda skodespelarar som bidrar held eit godt nivå. Og det er mest sminkejobb og nokon kulisser som i ikkje tåler høg bildekvalitet.

Mykje kan bli sagt om variasjonen og enkeltepisodar, men det beste er å sjekke ut ein av klassikarane først. The Twilight Zone har i mange år vore eit ynda referansepunkt. Ein episode eg likte med Burgess Meredith som blant anna Futurama har vist til er Time Enough at Last frå første sesong. Eit godt utgangspunkt for å finne ut om dette er noko for deg å bruke tida på.

Det er også variasjonen, og dermed svake episodar innimellom, som trekk totalvurderinga mi litt ned. Det er mykje godt her, og i talet på timar med glede så verkar det strengt å trekke The Twilight Zone ned til gjennomsnittleg god som 3/5 er. Men det er altså ei tallfesting av gjennomsnittsopplevinga mi.

The Twilight Zone 1959-1964 plakat - Filmdagbok

Publisert

21. februar 2016 av

Merkelapp

The Twilight Zone

Skapar

Rod Serling

Skodespelarar

Rod Serling, Robert McCord, Jay Overholts, Vaughn Taylor (I), David Armstrong (III), James Turley, Jack Klugman, Burgess Meredith (I), John Anderson (I), J. Pat O'MalleyVis alle 1145 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Grøssar, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Twilight Zone

TV Time

TV Time-side om The Twilight Zone