The Ugly Truth

Film · 2009 · · 12. november 2016
3/5

The Ugly Truth er så lite overraskande som ein romantisk komedie kan verta. I tillegg er han så generaliserande at han burde ignorerast, men eg klarar ikkje å la vera å bli underhalde av nettopp det faktumet at filmen ikkje tek ein einaste sjanse på noko nytt.

Kvinner vert forelska med hovudet, medan menn vert forelska med kuken. Det er utgangspunktet til filmen. To karakterar som er som natt og dag møtest, og vert sjølvsagt i lag til slutt. Vegen mot målet er full av konfliktar og sjølvrealisering for begge partar. Det er passe underhaldande om du ser på enkelte scener og situasjonar som separate deler. Samanhengen er ikkje mykje å skryta av.

Katherine Heigl og Gerard Butler har dessverre ikkje kjemien som skal til, og sistnemnte ser ikkje ut til å setja spesielt stor pris på å spela i denne filmen.

Rangeringa min kan verka noko høg for ein film som får denne kritikken, og det er klart at det ligg og vippar på kanten mot nedover på skalaen. Men eg kan setja pris på det ukompliserte, og retninga filmen tek mot det lukkelege, sjølv om mykje rart vert sagt undervegs som eg ikkje er samd i.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Ugly Truth 2009 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Katherine HeiglGerard Butler (I)Bree TurnerVis alle

Sjangrar

Land