The Upside of Anger

Film · 2005 · · 10. juli 2016
3/5

Ein mann forlet kona si, som blir verande igjen med fire barn. Tapet etterlèt ho sint og tørst. Ein venn av mannen, også av den tørste typen, dukkar opp og blir ein venn i nauda.

The Upside of Anger er som tittelen tyder på ein film om sinne, og ein førebels positivt vinkla film. Det vil si at han prøver å seie at noko negativt kan vere positivt. Eg skal ikkje gå noko meir innpå dette, men har nokon problem med måten forteljarstemma snakkar om dette på.

Det filmen dug betre til er å fortelja historia om ein familie som over ein periode forandrar seg. Og kva forhold medlemmene har til kvarandre før, under og etter forandringa. Ein dose humor er det også, Kevin Costner spelar ein lett alkoholikar og ei tidlegare sportsstjerne som er det komiske alibiet til filmen, og som vev opp for rollefiguren til Joan Allen som også er lett alkoholisert og ei sur kvinne.

Det tar aldri av, stikk aldri skikkeleg djupt, men er nok lyspunkt til å vere verdt tida, og eit godt driv i filmen så han aldri blir kjedeleg.

The Upside of Anger 2005 plakat - Filmdagbok