The U.S. vs. John Lennon

Film · 2006 · · 5. februar 2007
2/5

I denne dokumentaren følger me John Lennon og Yoko Ono i ein periode frå slutten av 1960-talet og utover då Richard Nixon var president i USA, det var drive krigføring i Vietnam og fredsrørsla hadde sitt opphav.

Etter ein famlande første halvdel der dokumentaren ikkje helt vil slå seg til ro med noko bestemt, snur vinden og gir giv til filmen. Sjølv om eg er veldig mykje for det meste av det som blir sagt her, og i enkelte deler får lyst til å engasjere meg meir, så må eg påpeke kor einsretta dokumentaren er. Han kunne like gjerne heitt The Big Bad U.S. vs. the Peaceful John Lennon. eit dårleg forslag, men for å komme med poenget.

For alt eg veit kan det jo hende det var slik dom dokumentaren framstilte det at det faktisk var, men det er vanskeleg å vurdere eit subjektiv stykke arbeid. Dette har eg vel eigentleg påpeika tidlegare etter å ha sett dokumentarfilm, og eg forventa jo at det skulle vere slik her, så eg bruker ikkje det som et argument når eg trekk ned på vurderinga. Det har å gjere med at det her er for mykje repetisjon i forhold til særleg nytt, og kunne godt ha blitt korta ned til eit program på 50 minuttar, frå sine 96 minuttar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The U.S. vs. John Lennon 2006 plakat - Filmdagbok