The Village

Film · 2004 · · 26. desember 2004
3/5

Etter å ha sett filmtraileren for ei god stund sidan trudde eg dette var ein skrekkfilm.

Men det viste seg etter kvart at det var meir eit drama, likevel om det var eit par innslag av uhyggelege scener. Fiolinmusikken må seiast å vere veldig vakker og gav ei god stemning i filmen.

Historia er tydeleg basert på ei bok, som du høyrer på replikkane og elles legg merke til i filmen. Eg har aldri høyrt om boka, men vil tru at ho er ganske bra.

The Village 2004 plakat - Filmdagbok