The Voices

Film · 2014 · · 27. juli 2015
3/5

The Voices er ein mørk, mørk og mørk komedie. Med eit lystig preg. Ryan Reynolds spelar ein mentalt ustabil person som høyrer stemmer manifestert gjennom katten og hunden sin, og handlar etter stemmene.

I byrjinga av filmen er det mest komisk og litt rart, og fyren er til ei viss grad hyggeleg og sjenert. Før det så skal ta meir av, bitane fell på plass og begeret renn over. Oppbygginga legg ikkje overraskande til rette for at me skal få eit innblikk i den grufulle sida til fyren.

Eg tykkjer at The Voices har meir for seg som ein ubehageleg krim og grøssar enn som komedie. Eg likar spesielt skifte mellom måten karakteren til Ryan Reynolds ser verda på, og korleis han er. Dette gjeld også korleis han høyrer stemmer, og korleis me ser han er når han høyrer stemmer. Det er komisk i blant, men eg synst aldri dette liknar på ein komedie.

Kva filmen prøver å fortelja er uklart. Er det ein moral, eller er det berre film som er ein film. Eg heller mot det siste, i mangelen på noko fornuft i ei eventuelt prøving på det førstnemnte. Det betyr ingenting, men er eit spørsmål eg lurer på. Ofte har filmskaparane ein agenda eller eit synspunkt som skin gjennom materiale dei leverer.

The Voices er ein grei til god film som lett kan sjåast. Han sklir derimot inn i eit mellomsjikt der det finst mange filmar, og der eg ikkje nødvendigvis vil anbefale eller åtvare mot filmar. Filmen er avhengig av om du likar sjangeren og om du tar deg tida.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Voices 2014 plakat - Filmdagbok