The Vow

Film · 2012 · · 16. mars 2016
3/5

Eit lykkeleg ungt og relativt nygift par hamnar i ei bilulykke, og kvinna mistar fem år med minner. Både frå deira forhold og alt anna knytt til hennar noverande personlegdom.

Det blir ein prøvelse for mannen å sjå at ho trekk mot sitt tidlegare liv, før han, før ho blei kunstnar og før ho slutta å snakka med familien sin.

Rachel McAdams og Channing Tatum spelar dei vakre menneska i dette like vakre dramaet, som både får meg til å smile og føle med. Ikkje til det ytste, men nok til at eg likar det godt, og godt nok til at det oppfyller forventingane eg hadde i forkant.

Dette er ein film som er inspirert av ei sann historie. Og her verkar dette mot filmen, då denne type film som skal ei god kjensle for meg gjerne heller kan framstå som ein fantasi, som film er, heller enn ei pynta sanning. Det betyr ikkje all verda, men var ein tanke som slo meg i rulleteksten.

Det store med The Vow er romantikken, kjemien og prøvelsen for Rachel McAdams og Channing Tatum. For ein Nicholas Sparks-fan som meg er dette innanfor, for det liknar mykje på ei filmatisering av ei boka av han, utan å vere det.

Det er dei små tinga som løftar denne forma for romantiske filmar opp til det gode, frå det potensielt middelmåtige det kunne ha blitt med feil folk, billege kulisser og cheesy musikk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Vow 2012 plakat - Filmdagbok