The Walking Dead

Serie
2010–2019
3/5

Etter å ha fullført nok ein sesong av zombieserien The Walking Dead, er tida inne for å formulere nokon velvalde ord om serien eg har følgd med på siden 2010.

For nokon år sidan var eg meir involvert i kva som skjedde på teikneseriefronten enn i dag, og The Walking Dead var ein serie eg hadde lest ein del av. Siden 2014 har eg ikkje fått med meg kva som har skjedd der, men eg kom omtrent så langt som det serien vil nå i sjuande sesong.

Det var interessa for teikneserien som gjorde at eg straks byrja å følge med på serien. Og første sesong var ei god oppleving som gav meg trua på serien vidare.

Men tidleg i andre sesong slo historia seg til ro på ein bondegard. Det som følgde vidare var ein irriterande innhaldsfattig og kjedeleg sesong, som gjorde at eg til slutt gav opp serien. Og eg heldt ikkje vidare fram før tredje sesong var over, og fleire hadde stadfesta at han tok seg opp igjen på spenning.

Etter dette synest eg serien har halde eit godt nivå. Stort sett stabilt, nokon gonger verkeleg bra, og heldigvis få gonger med dårlege episodar og periodar. Eg har gitt opp å følge serien fast, og kan ikkje dømme dei par siste sesongane med dei tidlegare på same grunnlag, men dei har vore gode nok å sett samanhengande.

Eg heller mot å ikkje anbefale The Walking Dead vidare. Det finst nok av andre godbitar som held eit høgare nivå heile vegen. Dessutan er dette ein dyster serien av nyare tid som ikkje har noko positivt å seie om menneske, og hamrar inn sitt eige negative syn om at det ikkje er skilje med godt og vondt.

  • The Walking Dead 2010-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    18. mai 2020 av

    Skapar

    Frank Darabont

    Skodespelarar

    Norman Reedus, Melissa McBride, Danai Gurira, Andrew Lincoln, Lauren Cohan, Chandler Riggs, Josh McDermitt, Christian Serratos, Seth Gilliam, Alanna MastersonVis alle 837 skodespelarar

    Sjangrar

    Drama, Grøssar, Thriller

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om The Walking Dead