The War Game

Film · 1966 · · 2. oktober 2007
4/5

Peter Watkins er eit kjent namn innan dokumentarfilmsjangeren. The War Game ligg på kanten av det som er ein vanleg dokumentarfilm. Grunnen til det er at han legg fram eit kva viss-scenario framfor å omtale noko som faktisk har skjedd.

Grunnlaget for dette er ei vurdering basert på tilsynelatande mengder av fakta. Saman med vår medvit om at dette skal vere ein dokumentar er det som gjer at det blir ein dokumentar. Utan at eg skal gå meir innpå dette vage skiljet til fiksjonsfilm.

The War Game er ganske kort. Han er 47 minuttar lang. På denne tida blir det lagt fram eit scenario der Storbritannia og resten av Vest-Europa har blitt ramma av atombomber i massevis. Det er ikkje så ulikt serien Jericho.

Så blir me presentert for situasjonen som utviklar seg i månadane etter angrepet, i form av oppdikta observasjonar av øydeleggingane og intervju med overlevande. Det blir også lagt fram kva rolle politikken har spela. Ingen har hovudrolla i filmen, og alle framfor kamera er amatørar plassert der av regissøren.

Eg er generelt veldig glad i kva viss-filmar, men helst som fiksjon. Det er berre fantasien som set grenser, sjølv om det er dei mest truverdige som er best.

The War Game går godt heim hjå meg med si sterke og brutale skildring av det atomramma Storbritannia. Han ser ut som ein dokumentarfilm basert på ei sann historie, men er samtidig fiksjon.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The War Game 1966 plakat - Filmdagbok