The War of the Worlds

BBC-serien The War of the Worlds er ei tre episodar lang filmatisering av H.G. Wells si historie. Ei som har blitt filmatisert fleire gonger før med ulike lokasjoner og på ulike tidspunkt. Greia med denne adapsjonen er historia her går føre seg omtrent på den tida som boka handlar om og kor ho finn stad.

I sentrale rollar har me Eleanor Tomlinson som Amy og Rafe Spall som George. Med god hjelp frå andre som Rupert Graves og Robert Carlyle. Eleanor Tomlinson er storvegs i sitt skodespel med ei holdning og eit ansiktsuttrykk som ber serien. Dette er i stor grad ei dyster historie om ei nær utsletting av livet på jorda, og det legg ikkje The War of the Worlds skjul på.

Teknisk sett er filminga her den finaste eg har sett i ein serie på lenge. Det er nydelege bilder og utsnitt som gir serien eit kvalitetspreg på høgde med ein film. Serien har visstnok hatt eit solid budsjett, men ikkje for stort. Så mykje av arbeidet som er gjort med denne serien er imponerande.

Det som trekk litt ned for min del er tempoet. Det går seint framover i blant. Nokre stader er det bra og bidrar til å bygge opp under den oppgitte stemninga. Andre stader går det for lang tid før noko skjer, eller før eg får svar. Det kan vere at eg er farga av tidlegare miniseriar frå BBC, for eg meiner at dei ofte har vore slik.

Eg har ikkje lese boka av H.G. Wells. Men med utgangspunkt i tid og stad som miniserien er sett til, så trur eg at dette er ei filmatisering som ligg nært til originalen med tanke på korleis verda er. Med tanke på karakterane, så døyr visst den sentrale familien tidleg i boka. Uansett kva likskapane er, er du interessert i kva The War of the Worlds i serie- eller filmformat, så er det ein fin stad å starte.

The War of the Worlds 2019 plakat - Filmdagbok