The War Wagon

Film / 1967
3/5

The War Wagon er ein ransfilm i westernsjangeren frå 1967. John Wayne og Kirk Douglas er filmstjernene som gjer dette til ei trekkplaster.

Taw Jackson som blir spelt av John Wayne har opplevd urett, og skal ta hemn med å rane ein gulltransport. For å få det til treng han hjelp. Ein tidlegare fiende spelt av Kirk Douglas, Lomax, er ein av dei han treng hjelp frå.

Resten av gjengen består av ein indianar, ein alkoholikar og ein gammal mann.

Eg gjekk til The War Wagon med blanke ark. Eg visste at det var ein western, og ein godt motteken ein, men ikkje at det var ein ransfilm. Ransfilmar av denne typen er ikkje blant mine favorittypar film, då dei ofte er litt for føreseielege og like i oppbygginga. Det er ikkje lenge sidan eg såg ein anna ransfilm i westernsjangeren, som kom ut berre eit år før, i 1966. Det var The Professionals, som var god på mange måtar, men også føreseieleg. Eg hadde nok kanskje valt ut ein anna westernfilm om eg visste at The War Wagon var ein ransfilm, men eg er delvis glad for at eg ikkje gjorde det. Trass i at han er føreseieleg, enda han opp med å vere tøff og nådelaus også, til glede for meg.

Samspelet mellom John Wayne og Kirk Douglas kan best skildrast som eit godt nok humoristisk innslag. Det kjennest ikkje alltid heilt rett, men det er godt nok til å underhalde.

The War Wagon hamnar sånn passe over middels for min del. Han byr på god action og er spennande. Men han stikk ikkje djupt nok når det kjem til å bli kjent med karakterane. Me får vite akkurat passe mykje om Taw Jackson. Men filmen byggjer opp til å bli kjent med karakterane undervegs, utan å levere nok på dette området. Det er årsaka til at filmen ikkje scorar høgare hjå meg.

The War Wagon 1967 plakat - Filmdagbok