The Wedding Singer

Film · 1998 · · 5. november 2009
3/5

Med verken eit hat- eller elskforhold til Adam Sandler håpa eg på det beste i denne tilbake til 1980-talskomedien. Tittelen gir tydelege hint til musikk, og det er her filmen scorar flest poeng. Ei blanding mellom kjent og mindre kjent, men endå fengjande popmusikk live og på lydsporet er det som styrer humøret her.

Personar og problem blir platte og filmen treff aldri godt i jakta etter sympati for hovudrollene. Så er han heller aldri veldig dårleg, men berre kjedeleg innimellom ein del humoristiske innslag som fungerer tilfredsstillande nok.

Filmen kunne ha gjort seg bra om Drew Barrymore ikkje var så fordømt ordinær.

IMDb-logo
The Wedding Singer 1998 plakat - Filmdagbok