The Weird Al Show

Serie · 1997 · · 10. februar 2016
3/5

Det finst vel ikkje mange grunnar til å sjå The Weird Al Show. Men min var iallfall den enkle at som tidlegare, og litt noverande, fan av musikken til 'Weird Al' Yankovic, så var eg nysgjerrig på kva dette var.

Og det viser seg, etter å ha sett og lest litt om dette, at The Weird Al Show er eit barne-tv frå CBS, sendt laurdagsmorgonar i 1997. Totalen av episodar enda opp på 13, så det var overkommeleg som ein kuriositet å sette i gang med.

Sjølv om dette er barne-tv, så er det smått artig. Mykje av innhaldet er humor, tema og inspirasjon frå det som utgjer den musikalske karrieren til 'Weird Al' Yankovic frå før 1997. Og barn har aldri vore hovudmålgruppa hans. Sånn sett er dette like tullete på ein vaksen måte som fans er kjent med.

Episodane er bygd opp rundt poeng som er meir retta mot barn, og er stort sett like alle saman. 'Weird Al' Yankovic held til i ei grotte, har ein lærdom i kvar episode, les brev, ser artige innslag på ein tv, og får gjester.

Med utgangspunkt i kven dette opphavleg er for, så var det overraskande overkommeleg og til dels artig nok til å interessere. Men eg må også innrømme at eg ikkje følgde nøye med på alt i kvar episode. Den totale rangeringa mi er dermed basert på både forventingar, leveranse og dette som ein kuriositet og delvis som eit program å ha på i bakgrunnen.

The Weird Al Show 1997 plakat - Filmdagbok

Skodespel

'Weird Al' YankovicBilly West (II)Brian Haley (I)Vis alle

Sjangrar

Land