The Wild Bunch

Film · 1969 · · 27. august 2007
4/5

The Wild Bunch hadde eg mildt sagt store forventingar til, nesten like store som til The Searchers. Umiddelbart blei eg skuffa, då The Wild Bunch brukar lang tid på å klargjere kven som er kven.

På ei anna side er innføringa meir naturleg og blir gjort mindre tydeleg enn i mange andre filmar, noko som tilfører filmen ei heilt eiga drivkraft, som om han styrer seg sjølv. Etter det som verkar som evigheiter, kanskje 30–45 minuttar av filmen, byrjar det å forme seg for meg.

Det meste er på plass og eg får glede av dei følgjande skytesekvensane, som er ganske ville. Og vala som blir gjort og samtalane som blir halde, dialogen er sterk og ideane til folk generelt smarte. Stort sett alt fell på plass og filmen om ein bande på rømmen nær og på grensa til Mexico blir berre betre og betre heilt fram til siste minutt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wild Bunch 1969 plakat - Filmdagbok