The Wire

Serie
2002–2008
4/5

The Wire frå HBO har vore heitt snakk siden 2002, utan at eg brydde meg om å sjå nærare serien før 2008. Grunnen er at The Wire aldri har blei framstilt slik at eg har beit meg merke i han før det.

The Wire handlar om ei spesialeining innan Baltimore-politiet som har blitt oppretta for å ferske langarar og drapsmenn relatert til narkotikabransjen. For politisjefane og politikarane handlar det om å kunne legge fram beslag for god publisitet, men for spesialeininga utviklar saka seg til noko større. Presset frå toppen legg dempar på kva som kan bli gjort, og her er det så mykje som skulle ha blitt gjort. Fleire er redde for å trå feil for å øydelegga si framtidige karriere. Dette går utover politieininga.

Det er vanskeleg å trekke fram ein enkelt ting som gjer The Wire bra, for dette er ein serie der alt er fletta saman, der alt er godt gjennomført og samanflettinga og gjennomføringa er gjort som i mange andre kjente HBO-seriar, med tanke på heilskapen framfor enkeltepisoden. Har du gått glipp av ein episode ligg du dårleg an. Handlinga er ikkje prega av ei stadig løysing av trådane, men du veit at det er ein plan bak alt og godtek at serien gjerne brukar tid på å komme seg vidare, for det er gjort så bra.

Kamerabruken, ja stort sett heile den tekniske gjennomføringa, er enkel og gjer ikkje anna enn å overlate publikum si merksemd til handlinga, The Wire er tona ned og realistisk tvers igjennom.

Det tok meg nokon år frå eg såg første sesong til eg tok opp igjen serien og fullførte han. Mest fordi eg aldri vart hekta, og prioriterte andre seriar etter kvart. Etter eg tok opp igjen serien fekk eg eit litt betre inntrykk av han. Andre sesong er den beste av serien totalt etter min smak. Sesongane er passe ulike, noko som er fint. Eg blei aldri hekta denne gongen heller, men eg kunne i det minste sette pris på serien og hadde ei interesse utover.

The Wire 2002-2008 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. februar 2014 av

Merkelapp

HBO

Skapar

David Simon

Skodespelarar

Dominic West (I), John Doman, Deirdre Lovejoy, Wendell Pierce, Lance Reddick, Sonja Sohn, Seth Gilliam, Domenick Lombardozzi, Clarke Peters, Andre RoyoVis alle 725 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Wire