The Witcher

Serie
2019–2019
4/5

The Witcher er opprinneleg ein serie med spel, som no har fått sin eigen serie på Netflix. Det er mykje å sei om han, og eg vel å ta for meg det eg tenkte mest på, utan å bruke for mykje krefter på å finpusse på samanhengen i innlegget.

Opphavet i spela er teke godt vare på. Trur eg. Eg har aldri spelt spela. Men det er både små detaljar som kverning av urter, og store linjer som sjølvstendige episodar som merkar seg ut. Episodane heng laust saman i tid og rom. Det er ei raud tråd som det tar tid å finne heilt ut av. Samtidig følgjer me hovudpersonen Geralt utan altfor stor samanheng frå episode til episode.

Serien ser bra ut. Han er svært visuell med mange monster og spesialeffektar. Det er ikkje akkurat noko billeg ræl som er sett saman. Det er også mykje hud og vise til, då serien vel å ta den dristige retninga. Dette er ein av tinga er ikkje veit om har opphavet i spela, men i serieverda er vanskeleg å unngå ei samanlikning med tonen til vaksne HBO-seriar.

Eg likte The Witcher. Serien hadde ikkje får mange karakterar, men utfordra litt på tidslinjene han følger. Det at du aldri heilt veit når eller kor du er, skjerpar iallfall meg. Sånn sett er eg spent på om ein ny sesong kan følgjer opp. Han må i sofall gjere noko nytt og like bra.

The Witcher 2019-2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. desember 2019 av

Merkelapp

Netflix

Skapar

Lauren Schmidt (I)

Skodespelarar

Henry Cavill, Freya Allan, Anya Chalotra, Mimi Ndiweni, Eamon Farren, MyAnna Buring, Wilson Radjou-Pujalte, Adam Levy, Joey Batey, Lars Mikkelsen (II)Vis alle 138 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Fantasi, Grøssar, Mysterium

Land

Polen, USA

IMDb

IMDb-side om The Witcher