The Wizard of Oz

Film · 1939 · · 22. mai 2006
2/5

Om eg skal sjå bort frå alt som har med denne filmen som ein klassikar å gjere, og den plassen han har fått i amerikansk filmhistorie, så blir det noko i denne retninga: Filmen er eit godt eksempel på det som kan seiast å vere typisk amerikansk, om familielykke og kampen mellom det gode og det vonde. Eg var lite imponert av skodespelet, men tykte at kulissane var flotte. Det verka som ein fin barnefilm, men kanskje ikkje for dei aller yngste, for her legg dei ikkje skjul på bruk av ord som likvidere og drepe.

Det eg håpte på å oppnå når eg så filmen var ei djupare forståing av andre filmar og seriar som refererer til The Wizard of Oz. Men dette er ikkje ein film eg har lyst å sjå igjen, for så bra var han ikkje.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wizard of Oz 1939 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Judy GarlandFrank MorganRay BolgerVis alle

Sjangrar

Land