The Wolf of Wall Street

Film · 2013 · · 30. mars 2014
3/5

Eg gjekk til filmen med høge forventingar. Korleis kunne eg unngå det, når Martin Scorsese har laga filmar som Goodfellas, The Departed, Casino og The Aviator? Eg kunne nemnt fleire frå den legendariske Hollywood-regissøren.

Uansett så kjem filmen til kort samanlikna med dei andre nemnte filmane. Det gjer han når det gjeld historia som blir fortalt. Historia følger livet til protagonisten, som er spelt av Leonardo DiCaprio. Han er ein slu fyr som jobbar i finansnæringa. Filmen består av tre timar med narkotika, sex og galskap utan stopp.

Det filmen manglar er det seriøse. Han manglar intensiteten. Han manglar den emosjonelle appellen. Det er lite som får meg til å kunne ha empati med karakteren Jordan Belfort. På grunn av dette enda filmen opp som eit sirkus utan sjel.

Det kan verke som krass kritikk. Eg meiner ikkje at filmen manglar alle kvalitetar. Som ein rå, underhaldande film med dyktige skodespelarar og god kinematografi så er dette topp. Men han når ikkje opp til forgjengarane til Martin Scorsese.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wolf of Wall Street 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Leonardo DiCaprioJonah HillMargot RobbieVis alle

Sjangrar

Land