The Wolverine

Film · 2013 · · 12. januar 2021
3/5

X-men-filmen The Wolverine frå 2013 var ein eg trudde eg hadde sett. Men under det eg trudde skulle bli eit gjensyn blei eg i tvil, og det var ingen spor etter filmen her på Filmdagbok heller. Greit nok i grunn, då blei filmen ei ny oppleving.

Det er ikkje rart det blir kluss, for dette er ein av tre X-men-filmar om Wolverine frå Marvel, og han ligg ikkje så langt unn 2009-filmen X-Men Origins: Wolverine i tittelen. Men trass i ein generisk tittel, som forøvrig også Logan frå 2017 har fått, så er dette ei forteljing som tek utgongspunkt i at me allereie kjenner til Wolverine.

I det som like gjerne kunne heitt The Wolverine in Japan, så får me ei historie som står på eigne bein frå start til slutt. På grunn av hendingar som Wolverine var del av under andre verdskrig, blir han invitert tilbake til Japan i nyare tid. I det som skjer vidare bygger historien på kreftene til Wolverine, maktkamp i ei familiebedrift, litt kjærleik, farlege motstandarar og ein del meir. Det er ein komplett film med mykje variasjon, så underhalding får me nok av. Det er ikkje noko spesielt å sei utover dette. Filmen kjennes kanskje litt billeg ut i blant, eller tek nokre enkle val, og resultatet blir ikkje heilt topp. Det held likevel nok til at eg rangerer han litt over midt på treet.

Les også ei melding på kinomagasinet.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wolverine 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Hugh JackmanTao OkamotoRila FukushimaVis alle