The Wonderful Country

Film · 1959 · · 3. juni 2021
3/5

Robert Mitchum har både hovudrolla og produsentkreditering i westernfilmen The Wonderful Country frå 1959. Han spelar ein mann som har budd mange år i Mexico, men no skal ta ein tur over grensa til USA.

Mannen har ei historie som spelar ei stor rolle. Det same gjer kven han arbeider for, forholdet mellom USA og Mexico, indianarar og kulturskilnader. Filmen har altså mykje forskjell å spele på, som er sydd saman til ein god heilskap.

Nettopp det at filmen er sopass variert som han er, gjer The Wonderful Country både litt annleis enn eg er van til å sjå western og eit snev innsiktsfull. Utover det så manglar dette litt av spenning som eg kunne forvente meg med tanke på historia. Her får eg altså noko anna enn eg forventa, men eg vil sei at det mest var på ein positiv måte.

Ein western kan vere så mangt. Eit fåtal sjangrar er med på å definere nesten alle filmane som blir gitt ut, og det seier seg difor at også western kan romme mykje. Eg ser på western som bakteppe for ei historie, som verkemiddel og miljø. Og som klede eller tidsepoke. Nokon filmar er lette å plassere i sjangeren, då dei har mange av desse sidene ved seg. Og det har The Wonderful Country. Samtidig er det ein litt anna western i tone, oppførsel og mellommenneskelege tema.

Kanskje meir ein interessant film å sjå enn ein som verkeleg grip. Men eg lar meg også underhalde av karakteren til Robert Mitchum, og reisa han tar i denne filmen.

Les også meldingar på livius1.com (engelsk) og www.cinemaromantico.org (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wonderful Country 1959 plakat - Filmdagbok