The Wonderful Wizard of Oz

Film / 1910
2/5

The Wonderful Wizard of Oz er den første bevarte filmatiseringa av boka til L. Frank Baum. Det er ein kort stumfilm på 13 minuttar frå 1910, som fortel historia om korleis Dorothy i ein storm blir sendt til Oz, og må kjempe mot ei vond heks.

Eg fann ein versjon utan musikk, som var litt treg å sjå på. Samtidig tykkjer eg ikkje at dette er den mest spennande historia i utgangspunktet. Eg var aldri ein stor fan av The Wizard of Oz frå 1939, eller nyare innspelingar som serien Tin Man. Men eg gav denne kortfilmen ein sjanse, for å sjå kor vidt han kunne fortelje historia god på knapp tid. Og han oppnår absolutt å bli forståeleg, men ikkje noko meir for min del.

The Wonderful Wizard of Oz 1910 plakat - Filmdagbok