The Woods

Film · 2006 · · 11. september 2006
3/5

Dette er noko av det mest latterlege eg har sett på ei stund, og for første gang på ei god stund la eg faktisk merke til måten ein film blei klipt på: Snåle, korte scener som brått blei tona ut. Det er uklart for meg kva poenget med filmen var, men det involverte hekser, ein mystisk skog, ein jenteskule og nok av ignorante menneske.

Spørsmålet eg stiller meg er kva som er grunnen til å sjå denne filmen. Vel, han har med kulthelten Bruce Campbell i ei mindre rolle. I første omgang dukkar han opp i starten av filmen, der han ikkje seier eller gjer noko ut av seg. Eg blei litt skuffa over dette, men han kjem sterkt tilbake utover mot slutten, og eg storkoste meg i minst 30 sekundar. Om det veg opp for filmen vil eg ikkje påstå, men at det var artig må eg innrømme.

Filmen er ikkje akkurat makkverk, men det er klare spor av rotne tre her. Det er ikkje totalt bortkasta tid, deler av filmen var smått morosam, men det er ikkje eit gram av skumle scener her, noko som er skuffande. Inga anbefaling frå denne kanten denne gong.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Woods 2006 plakat - Filmdagbok