The Woodsman

Film · 2004 · · 14. juni 2006
4/5

Eg har aldri likt Kevin Bacon så lenge eg kan hugse. Ironisk nok fordi han er ein utruleg god skodespelar, og fordi Sleepers er den filmen som står sterkast i minne. Rolla hans i denne filmen har få likskapar med rolla hans i der, trass i at begge filmane omhandlar pedofili.

Vår mann spelar Walter, som slepp ut av fengselet etter tolv år. Grunnen til at han sat inne er openberr. Vel ute igjen, rett nok på prøvetid, må han halde kjenslene sine, eller kva det no skal kallast, i sjakk og gå på jobb. Han må snakke med psykologen sin og prøve å leve eit vanleg liv. Dette er ikkje lett for han, difor finst denne filmen. No skulle du, om du ikkje har sett filmen, kanskje tru at det er ganske lett å tenke seg til handlinga i filmen. Men der må eg skuffe deg, for sjølve handlinga er ikkje det som trekk denne filmen opp.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Woodsman 2004 plakat - Filmdagbok