The Words

Film · 2012 · · 4. juli 2016
3/5

Ein ung forfattar finn manuskriptet til ei bok i ei gammal veske som kjærasten kjøper til han på ein bruktbutikk. Han endar opp med å kopiere boka og sel ho som si eiga.

Historia om den unge forfattaren blir fortalt av ein noko eldre forfattar, viss eiga historie blir blanda inn som avbrekk. Er dei ein og same person? Kor går skiljet mellom fakta og fiksjon? Dette er uklart, og det uklare rundt dette er eit av grepa som er med på å gjere The Words interessant.

Eg likte The Words. Han har nok for seg av drama og gode historier til å vere ein god film. Eg slit ikkje med nokon deler av filmen, men merkar at eg ikkje bryr meg så mykje om karakterane som eg burde. Dei har rett og slett for få gode sider å sjå opp til. For nokon er ein helt ein person med dårlege sider. For meg er ein helt ein person med gode eigenskapar å sjå opp til, og eg bryr meg fint lite om karakterar i ein film som bevisst tar dårlege val.

Likevel er det deler av filmen som fungerer, fordi me blir fortalt fleire deler av fleire historier. Og det ikkje går an å feie alle under ein kam som dårlege eller prega av vala til karakterane i andre deler i filmen.

Totalen er altså ein kurant film, men som kunne ha vore betre.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Words 2012 plakat - Filmdagbok