The World at War

Serie · 1973–1974 · · 20. mai 2016
4/5

Denne dokumentarserien om andre verdskrig er over 40 år gammal, men held seg veldig godt. Heile 26 episodar går grundig gjennom dei ulike sidene ved krigen som herja verda over.

Bortsett frå at eg ser på serien som lærerik og interessant, har han også ei form eg set pris på. Det er mykje arkivfoto, og serien har ingen hastverk i klipperytmen. Her passar den gode gamle og litt tregare forma godt, ho som prega tv før.

Samtidig er ikkje serien forsøpla av tendensen mange moderne dokumentarar har, som er å påføre stemma til skaparen på verket og formidle historia som han ønsker. Sannsynlegvis er ikkje The World at War objektiv han heller, men når eg ser dokumentarar er eg oppmerksam på eventuelle vinklingar, og her er det berre nokon få i blant.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The World at War 1973-1974 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Laurence Olivier (I)Anthony Eden (I)Averell HarrimanVis alle

Sjangrar