The World Is Not Enough

Pierce Brosnan spelar James Bond for tredje gong i 1999-filmen The World Is Not Enough.

Denne gongen handlar det om at James Bond må verna ei ung kvinne viss far har vorte drepen. Drapsmannen er Renard, ein skurk med ei kule i hjernen. James Bond avdekker at Renard har planar om å bruka eit atomvåpen til å øydeleggja delar av ein oljeproduksjon for å tvinga petroleumsprisen opp.

Actionnivået er på topp i James Bond-filmane med Pierce Brosnan, og The World Is Not Enough er kanskje ein av dei med mest futt og minst substans. Det er over toppen, men uansett passe underhaldande. Det er ein av dei svakaste James Bond-filmane. Samanlikna med dei kjedelegaste med Roger Moore så er det betre, då denne i det minste har solid action.

The World Is Not Enough 1999 plakat - Filmdagbok