The World's End

Film · 2013 · · 6. mars 2014
3/5

Som fan av dei tidlegare filmane til Edgar Wright, Shaun of the Dead, Hot Fuzz og Scott Pilgrim vs. the World, var det ei sjølvfølgje at eg kom til å sjå The World's End. Forventingane var store, men filmen enda dessverre opp med å skuffe.

Som med både Shaun of the Dead og Hot Fuzz er The World's End ei sjangerblanding. Det er ein hyllest og eit skråblikk på ei side av England i dag. Men det er meir påtvinga denne gongen. I staden for å vere god heile vegen på små detaljar, er det ein god del av filmen som består av langdryge actionsekvensar. Eg er fan av slåsting og sånt, men det må ha ein funksjon utover å ta opp tid. Og det er dessverre litt for mykje av det i The World's End.

Det gode med filmen er vanskeleg å få tak på. Som hovudkarakteren Gary King (Simon Pegg), så er det både komisk og litt trist. Møte mellom gamle venner som filmen er, blir ein mellomting mellom det morosame og det dramatiske, men tar ingenting fullt ut.

Dermed endar filmen opp med å bli ein mellomting store deler av tida. Med unntak av dei kjedelege actionsekvensane. Og heldigvis dei litt fleire, men ikkje nok morosame sekvensane.

The World's End er altså heilt grei der og då, men eg sit ikkje att med mykje etterpå. Det skulle litt til å leve opp til den førre filmen til Edgar Wright, Scott Pilgrim vs. the World, som eg ville sjå opp igjen før filmen var ferdig.

IMDb-logo
The World's End 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Thomas Law (II)Zachary Bailess (I)Jasper LevineVis alle

Land