The World's Fastest Indian

Film · 2005 · · 7. september 2006
3/5

Ja, her var det ingenting nytt å hente, med du verda for eit fint drama. Anthony Hopkins byrjar å bli gammal, men har framleis igjen nok energi til å stå gjennom ein to timar lang film om fart og spenning.

Burt (Anthony Hopkins) er gammal, byrjar å bli skral, men har ikkje fått gjennomført draumen sin om sette fartsrekord med ei modifisert utgåve av ein Indian motorsykkel. Med andre ord er det på tide. For å gjere dette må han ha god plass til forsøket, og difor prøver han å kome seg til USA, frå New Zealand.

Det er ingen overraskingar i filmen, men det er ikkje det eg er ute etter når eg ser film av denne typen. Det er heldigvis ikkje så oppblåst som eit Disney-drama, men ein grei balanse mellom realitet og drama med god kjensle. Det finst forresten gode Disney-drama.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The World's Fastest Indian 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Anthony Hopkins (I)Iain ReaTessa Mitchell (I)Vis alle

Sjangrar

Land