The Wrong Trousers

Film · 1993 · · 16. februar 2016
4/5

The Wrong Trousers er den andre animasjonsfilmen som kom med Wallace & Gromit. Som sin forgjengar hausta han mykje ros, og det er ikkje ufortent.

Wallace har bygd eit par mekaniske bein som skal kunne lufte Gromit. Samtidig er økonomien dårleg, og dei må ta inn ein leigebuar. Leigebuaren er ein kriminell pingvin som utnyttar både beina og naiviteten til Wallace.

Dette er god underhaldning, og er både komisk og litt spennande. Det er også eit par skumle element, som eg i min barndom nok ville ha merka, og desse handlar om pingvinen. Ein super skurk med eit uttrykkslaust ansikt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Wrong Trousers 1993 plakat - Filmdagbok