The X Files (1993–2018)

Serie / 2. august 2019
4/5

Det er noko spesielt når ein serie blir fornya etter 14 år. Og ekstra spesielt når både ein skodespelar som ikkje var med i dei førre sesongane er med igjen, og opningssekvensen er henta frå over 20 år gamle tidlege sesongar.

Eg har nyleg sett tiande sesong av The X Files, ei kort affære på seks episodar. Det er ein sesong som både gjentar gamle kunster, og føye til noko nytt. I universet i serien har det trass alt gått over 14 år, og med alderen har også karakterane her fått reflektert over fortida. Men før eg går vidare er ein gjennomgang av mitt unge forhold til resten av serien.

Store deler av 2015 på seriefronten blei via til å sjå ni sesongar med kultserien The X Files. Ein serie eg aldri så den gangen han gjekk på tv, og som eg lenge utsette på grunn av lengda.

The X Files handlar om FBI-agentane Mulder (David Duchovny) og Scully (Gillian Anderson), som arbeidar i ein liten seksjon i byrået som etterforskar såkalla x-filer. Saker som ikkje har blitt løyst, og som gjerne krev alternativ etterforsking og spesielle svar.

Mulder er han i radarparet som trur på romvesen og det overnaturlege. Scully er motpolen med ei vitskaplege tilnærming. Slik sett balanserer dei kvarandre i den lange rekka av mystiske saker som dukkar opp i serien. Mest i episodiske og avsluttande historier, men også i den gjennomgåande raude tråden på tvers av heile sesongar og heile serien.

The X Files er ei fin blanding av komedie, krim, mysterium og science fiction. Og med innstillinga om at det er greit at serien går seint framover, så er det god underhaldning stort sett heile vegen. Så lang serie som dette er, så vil periodar av han vere mindre gode enn andre.

Før dei to siste sesongane sluttar David Duchovny i serien, og me får inn første ein ny agent i åttande, og så enda ein ny i niande sesong. Dette gjer serien til ein litt annan mot slutten, som er greit med tanke på at det meste har blitt utretta i dei sju tidlegare sesongane. At The X Files likevel skal komme tilbake i 2016 med Mulder og Scully er noko eg no ser fram til.

Mi totale vurdering er at dette har vore vel verdt tida. Eg har ikkje nødvendigvis hasta meg gjennom serien, og tatt pausar i blant. Og som ein serie å komme tilbake til mellom mykje anna bra, så viser The X Files styrken sin med å interessere og gi meg lysta til å sjå vidare heile vegen.

Så var det den tiande sesongen. Her blir det gjort som i serien elles, at episodane blir delt mellom einskildståande historier og dei om romvesenmytologi. Eit kjent grep blant dei som har sett serien. Scully framstår som den mest sentrale karakteren, og leverer godt. Eg saknar derimot meir skjermtid med Mulder.

Det er ikkje som om sesongen utmerkar seg, men samanlikna med dei gamle sesongane så er den minst like god. Og passe annleis, tida og livssituasjonen til karakterane tatt til vurdering. Eg har ingenting i mot fornya.

I den ellevte sesongane er Mulder langt meir tilstades. Det er som om David Duchovny har fått ny giv, og sesongen overgår den tiande. Eg får lyst til å sjå meir, og håpar på ein ny sesong

The X Files 1993-2018 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Fox, The X Files

Skapar

Chris Carter

Skodespelarar

Gillian Anderson, David Duchovny, Mitch Pileggi, William B. Davis, Robert Patrick, Tom Braidwood, Bruce Harwood, Dean Haglund, Annabeth Gish, Nicholas Lea

Sjangrar

Drama, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

Canada

IMDb

IMDb-side om The X Files

Forfattar