The X Files

Film · 1998 · · 30. april 2016
3/5

Filmen The X Files, også kjent som The X-Files: Fight the Future, er den første filmen som kom knytt til serien. Handlinga går føre seg mellom femte og sjette sesong, og strengt tatt burde eg ha sett denne når eg såg meg gjennom The X Files kronologisk i 2015.

Når eg no først ser filmen i ettertid av å ha fullført serien, så er det med avgrensa entusiasme, og ei innstilling som speglar at eg har gjort meg ferdig med The X Files for ei stund. Inntil ein ny sesong eventuelt dukkar opp.

I denne filmen handlar det om romvesen, altså den utanomjordiske mytologiske delen av The X Files. Ei oppdaging av eit virus, truslar mot Mulder og Scully, konspirasjon og The Smoking Man. Alt dette er på plass.

Eg kjeder meg litt av grunnane over. Ikkje berre fordi eg har sett fortsetjinga som er serien frå sjette sesong og utover, men fordi dette ikkje er den heilt store filmen. Det drar ut og blir opplevd som ein altfor lang episode.

Eg er ikkje helt sikker på at det ville blitt opplevd sånn om eg hadde eit anna utgangspunkt, men når eg vurderer introduksjonen av ulike karakterar så fell det litt kort. Produksjonen i seg sjølv er god, det vil sei at han ser dyr ut og er det.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The X Files 1998 plakat - Filmdagbok