The Young Victoria

Film · 2009 · · 17. november 2016
3/5

The Young Victoria er ein film om historia til den unge britiske dronninga Victoria på tidleg 1800-tal, og kva ho stridast med i tida før og etter kroninga.

Ein stor del av filmen handlar om korleis mange partar ønsker å styre ho, eller for ho. Frå mora og hennar partner i ung alder, til statsministrar og andre politikarar etter kroninga.

Privatlivet hennar har også plassen sin i filmen. Dronning Victoria gifta seg med Albert av Sachsen-Coburg-Gotha, og deira kjennskap frå den spede byrjinga blir fortalt side om side med den politiske delen av filmen.

Mitt utgangspunkt før filmen var med liten historisk kunnskap til dronning Victoria. Og sjølv om du kan trekke nokon store linjer ut frå filmen, får eg ikkje noko inntrykk av at dette er ein film du kan lære for mykje av.

Emily Blunt spelar godt, og til ei viss grad er dronningkarakteren ho spelar interessant, men utover det er mykje av filmen på kanten til kjedeleg. Det har også å gjere med at forteljargrepa og det eg trur er intensjonen til filmen i å hylle ein monark ikkje fell i smak.

Altså er dette ein film med nokon kvalitetar, og nokon manglar. Totalt sett er det ein sjåverdig, men ikkje anbefalt periodefilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Young Victoria 2009 plakat - Filmdagbok