They Live

Film · 1988 · · 13. oktober 2007
3/5

Ein av grunnane til at eg stadig kjem tilbake til John Carpenter er evna filmane hans har til å vere meir enn berre gode eller dårlege. Dei er gjerne profetiar eller kritikkar som er lette å fange opp. Framført i drakta av historier som er lette å like.

I They Live, som er basert på Ray Nelson si novelle Eight O'Clock in the Morning, kjem det ekstra tydeleg fram at John Carpenter har lyst til å kritisere. Historia startar med at Nada kjem til byen, får snusen i noko muffens og endar opp med eit par solbriller som avslører romvesen si pågåande hjernevasking av menneske med skjulte bodskapar i media. Media står altså i fokus, og romvesena blir bilde på kapitalistar.

Den delen av filmen er fin, synd mykje anna er halvgjort. Oppbygginga går i rykk og napp, forsøket på å vere elegant og stilig bukkar under med upassande skodespelarar. Karakterane gjer fleire ulogiske val som etter kvart blir altfor irriterande. Dei køyrer på rett fram og blir aldri hindra nok til at det blir skikkeleg spennande heller.

Ein film eg gjerne skulle ha likt, som blir for rufsete i kantane rundt ei solid kjerne. Underhaldningsverdien blir sånn passe.

IMDb-logo
Filmfront-logo
They Live 1988 plakat - Filmdagbok