Thin Ice

Serie
2020–2020
2/5

Thin Ice er ein nordisk politisk thriller om Grønland, miljøpolitikk og olje. Det er duka for at Arktisk råd skal møtast på Grønland og signere ein avtale som hindrar oljeboring. Men så blir mannskapet om bord eit skip kidnappa, og usikkerheiter og ueinigheiter mellom landa kjem fram.

Det er for mange trådar og samanhengar til å formidle, men er nok av kurante vendingar å bryne seg på. Gjennomføringa er ho eg slit med. No rangerer eg serien like under midten på treet, men det er på grunn av det store bilde. Når det gjeld handlingar som dumme karakterer utfører, og måten ting blir snakka om på, så er dette ikkje så bra.

Eksempelvis har me den sentrale karakteren Liv, som er del av Säkerhetspolisen og gift med ein som blir kidnappa frå skipet. Ho er konsekvent regelbrytar og gjer aldri som ho bør eller må. Ikkje på ein fornuftig opprørsk måte, men på ein dum og irriterande måte. Så er det tonen folk har mellom kvarandre, eller snakkar om ting på. Det er som om eg ser for meg ein dårleg manusforfattar utan sosiale antenner eller innsikt i diplomati skrive førsteutkastet som går rett i produksjon.

Eg har problem med måten karakteren Elsa, som er utanriksministaren til Sverige, legg skulda på alt og alle på gjennom heile serien. Ho plukkar opp eit og anna laust spor, skapar si eiga forståing av ei sanning som ho tar svært alvorlege avgjersler ut frå. Ingenting av det ho seier til slutt er truverdig.

Styr unna Thin Ice, med mindre du kan sjå forbi eit dårleg manus og berre nyte at serien går føre seg på Grønland. I tillegg er serien i blant innom nokre av utfordringane til samfunnet på Grønland, og det er både nytt og interessant for meg.

  • Thin Ice 2020-2020 plakat - Filmdagbok
  • Thin Ice 2020-2020 plakat - Filmdagbok