This Is the End

Film · 2013 · · 22. oktober 2013
2/5

Eg hadde ikkje så lyst å skrive om This Is the End.

Prosessen min på Filmdagbok er i blant inspirert av samlebandet. Mange korte tekstar om filmar på rekke og rad. This Is the End er den siste i denne omgang.

At filmen går frå lett pølsevev til tung drit gjer at teksten her forlengar opplevinga, ved å hugse på filmen enda ei stund til.

Men det er grunnen til at eg skriv her. This Is the End er kritikkverdig. Tynn historie og dårleg humor er på sin plass. Kjendisbonanzaet i filmen er senteret og var trekkplasteret som appellerte til meg. Folka som er med har spelt i fleire komediar eg har likt dei siste åra. Men at dei er med tilfører ikkje stort meir til filmen enn at han er interessant i ti minuttar innleiingsvis.

Så skjer dommedag, og med null respekt for avsløringar så dør ein god gjeng med kjendisar på rekke og rad. Folk som eg gjennom media og tidlegare filmar skulle ha brydd meg om? Dei fekk ikkje etablert seg i This Is the End, og at dei forsvinn bryr meg ikkje.

Deretter følger ei ævei det som skal vere huset til James Franco. Gjengen som er igjen kranglar om mat, og andre ting som skulle vere artig fordi det var tåpeleg å krangle om. Her er This Is the End inne på noko, for det er i dei små og absurde kranglane filmen verkar ekte.

At det er påkosta ein heil del spesialeffektar for å visualisere dommedag, djevelen og eit par monster her og der, er forståeleg. Men det er fullstendig unødvendig. Det ser teit ut. Det tilfører lite, bortsett frå ei tankerekke omkring påkosta studiofilm og produsentstyrt maltraktering av det som heller er ein enkel og rølpete ide.

Eg har ikkje lyst å tenke meir på filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
This Is the End 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

James FrancoJonah HillSeth RogenVis alle

Sjanger

Land