This Little Love of Mine

Film · 2021 · · 16. juli 2021
3/5

Det som eg først trudde kunne vere ein film laga for video eller strøyming, overraska litt undervegs med lokasjonar gjerne forbeholdt kinoproduksjonar. Og litt meir forsking etter filmen var ferdig, avslørte at dette var ein kinofilm.

Det betyr ikkje så mykje til eller frå skulle eg tru, men var nok med på å justere forventingane mine ned. Det var i grunn fint, så kunne This Little Love of Mine overraske positivt.

Det handlar om ein kvinnleg advokat som blir sendt på oppdrag til eksotiske Sapphire Cove, for å overtale ein mann til å ta over bestefarens firma. Ho er sjølv frå denne staden, og kjente mannen då dei var yngre.

Ho er oppteken av karriere, han av å nyte livet.

Det er ikkje stort mykje originalitet her, men ein film som spelar på dei rette notane for å lukkast. I tillegg er både skodespelarane gode, og produksjonen med fine lokasjonar ser i det minste litt påkosta ut. Det skulle berre mangle, men forventingane mine var låge.

Vil du ha ein enkel romantisk komedie, og har ingenting i mot å prøve deg på ukjente og smalar filmar, så kan kanskje This Little Love of Mine fungere for deg også.

Les også meldingar på brightshub.com (engelsk) og www.filmgatereviews.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på twitter.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
This Little Love of Mine 2021 plakat - Filmdagbok