Thor: The Dark World (2013)

Film / 4. april 2014
3/5

Ukonsentrert og likegyldig sette eg i gang med Thor: The Dark World en søndagskveld i mars, i håp om at filmen skulle levere ei god historie i tillegg til den forventa mengda av dataanimert spetakkel.

Med dette utgangspunktet var første timen av filmen heller lang å komme seg gjennom. Ikkje nødvendigvis dårleg eller kjedeleg, men det var heller ingenting her som fanget merksemda min skikkeleg og tvang meg til å bli sittande. Derfor blei det et stykkevis løp, og mitt totale inntrykk av filmen er prega av at eg så filmen på denne måten.

Filmen bygde tydelegvis likevel opp til noko, og i filmens andre halvdel kom påskjøninga. Ingen stor gevinst, men her klarte filmen på betre vis å innføre vedvarande spenning og andre greier som gjorde at eg blei sittande.

Thor: The Dark World er en unekteleg vakker film, rent visuelt sett. Men det spektakulære har dei siste par årene begynt å bli slitsamt. Det tar så stor plass, og det blir så lite rom for å la fantasien få fylle ut. Det er ein stor del av greia med teikneserieadapsjonane, så eg skal heller ikkje kritisere Thor: The Dark World for mykje for dette, men filmen hadde blitt betre om den brukte klassiske verkemiddel som å spele på det ukjent. Det sagt, dette er på langt nær verstingen.

Det filmen lykkast best med er komikken i Thors møter med vår vanlege verda. Mens Kat Dennings er meint som filmens artige innslag og rolla hennar mislykkast fullstendig i som blir sagt og gjort, er scener som Thor i en Volvo til å humre av. Det er synd at eg berre tel tre humringar i løpet av filmen.

Til slutt vil eg konstantere at eg har lite å sei om Thor: The Dark World historie, struktur og om filmen leverer god underhaldning eller lever bra i en teknisk og historisk kontekst. Grunnen er at eg ikkje er interessert nok i frå starten av, og lar det gå utan den store innlevinga eller kritiske observasjonen. Det gode mot den vonde er lett nok å få fatt på. Filmens karakterar har klare mål dei skal følge. Utføringa og samantreffa tenkte eg derimot lite på.

Thor: The Dark World 2013 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Marvel, Thor

Regi

Alan Taylor

Manus

Christopher Yost, Christopher Markus, Stephen McFeely, Don Payne (IV), Robert Rodat, Stan Lee, Larry Lieber, Jack Kirby, Walter Simonson

Skodespelarar

Chris Hemsworth, Natalie Portman, Tom Hiddleston, Anthony Hopkins, Christopher Eccleston, Jaimie Alexander, Zachary Levi, Ray Stevenson, Tadanobu Asano, Idris Elba

Sjangrar

Action, Eventyr, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Thor: The Dark World

Forfattar