Threads

Film · 1984 · · 26. februar 2008
3/5

Threads er ein liksomdokumentar om etterverknadane av atomkrig. Tematisk sett ligg han ikkje langt unna The Day After som eg såg nyleg, men på grunn av forma blir inntrykka noko annleis.

Sheffield på midten av 1980-talet. Gjennom eit par ordinære britiske familiar får me oppleve den globale spenningen stige då USA og Sovjetunionen kranglar over Iran. Etter 50 lange minuttar veit me uansett at dette vil ende opp med at Storbritannia får smake atombombene til Sovjetunionen. Siden følger me nedturen, både den kortsiktige og langsiktige, stadig avbrote med fakta i tekstform og svart-kvitt stillbilde.

Det er ingen tvil, Threads skiltar med sterke bilde. Eller kanskje groteske er meir skildrande. Det er skite, fuktig, full av blod og gørr i alle krokar. Men som med første timen går eg lei etter kvart. Altfor lange dokumentarar er noko eg tykkjer at er slitsamt. Og med ei dokumentarisk form blir også Threads dette. Eg vil likevel ikkje ta i frå filmen truverd, dei berekna etterverknadane er gjennomtenkte og dannar eit grufullt bilde lite anna enn atomkrig kan.

Eg held ein knapp på The Day After framfor denne, for når bilda blir for gjentakande og tida går for sakte framover blir mangelen på karakterar å bry seg om merkbare.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Threads 1984 plakat - Filmdagbok