Three Ages

Film · 1923 · · 12. januar 2014
3/5

Eg vil nok rangere Three Ages som ein litt over gjennomsnittleg god Buster Keaton-film. Han viser Buster Keaton sin karakter sitt forsøk på å forføre ei kvinne vekk frå ein annan mann. Og korleis dette ville ha skjedd om historia var sett til tre ulike tidsperiodar: Steinalderen, romersk tid og i moderne tid.

Eg likte historiene i denne rekkefølga. Med meir latter knytt til dei eldre perioadne, sjølv om eg lo mest av eit par segment knytt til romersk tid. Mitt favorittinnslag var ei hestekjerreløp med mange lure poeng. Eit innslag med ei løve var også artig.

Dette er ikkje ein hysterisk film, men verdt tida om du ønsker å sjekke ut stumfilmkomediar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Three Ages 1923 plakat - Filmdagbok